Sindre ville heim til Nordfjord i ferien

Og då er det fint å ha ein relevant sommarjobb å kome heim til.

Dette er ein artikkel om Sindre sin sommarjobb frå 2022.

Sindre Mulelid Hartvigsen (23) studerer for augeblikket master i bygg- og miljøteknikk på NTNU i Trondheim. Eit studie han syns er veldig interessant. Men når sommaren nærmar seg og dei siste eksamenane for semesteret er levert, vil han fort heim til vakre Nordfjord.

Og då er det fint å ha ein relevant sommarjobb å komme heim til. Så i ferien skal Sindre jobbe i produksjonen av prefabrikkerte betongelement i Stryn Betongelement, Førde Sement.

– Utdanninga mi er veldig bygg- og anleggsretta, og betong er jo eit av dei mest brukte materiala i bygg- og anleggsbransjen. Så eg tenkjer at det er lurt å byggje seg opp litt erfaring med korleis det faktisk vert produsert og brukt, seier Sindre.

Sindre har fått tilbod om å jobbe i Stryn Betongelement frå byrjinga av juni og fram til fellesferien startar omtrent midt i juli, for då held dei stengt. Men så skal han jobbe eit par veker igjen etter fellesferien, før semesterstart. Det blir altså ikkje jobbing heile sommaren, men han får oppfylt kravet fru NTNU om X antal veker med studierelevant arbeidserfaring som han må ha for å bestå studiet.

No er han klar for å endeleg få oppleve det praktiske ved utdanninga si.

– Eg gler meg til å få praktisk erfaring som supplement til det teoretiske. Under pandemien hadde vi eigentleg ein del ekskursjonar og opplegg planlagt for å få meir praktisk tilnærming til faga våre, men det vart jo ikkje noko av. Så vilja er desto større etter å få jobbe litt praktisk no.

Sindre har trua på at det å ha bygd seg opp litt erfaring rundt betongfaget gjennom ein slik sommarjobb vil kome godt med i utdanningsløpet.

– Eg får jo eit lite innblikk i korleis ei bedrift innan bygg- og anleggsbransjen fungerer. Dette trur eg vil kunne vere med på å stadfeste at eg har valt rett studieretning.