Vil du teste ut livet som fiskar?

No kan ungdom som har lyst på ein spennande sommarjobb søkje på Ungdomsfiske 2025! Kinn kommune gir deg som er mellom 15 og 25 år høve til å bli med på eit lærerikt fiskeeventyr langs kysten vår. Du får jobbe som ekte fiskar – ei veke på sjøen – der du får vere med ein fiskebåt som går ut frå Florø eller Måløy. Du vil få opplæring og rettleiing frå ein erfaren skipper, og løna er det de tener på fisken som blir fiska.

Søknadsfrist er 16. mai 2025.

Fisket føregår i veke 26 og 27, med båtane Sending i Florø og Sarato i Måløy. I tillegg får du ein opplæringsdag ved Sikkerheitssenteret i Måløy i forkant.  

Som ungdomsfiskar får du prøve deg som fiskar under kyndig rettleiing frå ekte fagfolk!

Meir informasjon finn du her.

Ved spørsmål, kontakt:

Kristin Maurstad, tlf. 41 23 40 49

Anne-Stine Meland, tlf. 91 30 38 46