Bakgrunn

Sommarjobb i Vest – moglegheiter for livet

Sommarjobb i Vest er ein kampanje skapt for å vise fram dei unike moglegheitene som finst for ungdommar i regionen vår. Vi ønskjer å legge vi til rette for at ungdom får prøve seg i relevante jobbar hjå lokale bedrifter. Ein sommarjobb kan bli ei verdifull erfaring og ein døråpnar for vidare utdanning og jobb.

Vårt langsiktige mål er å sikre framtidig rekruttering og vekst i regionen. Ved å synleggjere kva arbeidslivet i Vestland kan by på, håper vi at fleire unge vel å bli, busette seg, og utvikle seg her.

Nyttige tips til arbeidsgivar

Korleis sikre eit ryddige arbeidsforhold og eit godt samarbeid mellom arbeidsgivar og arbeidstakar.

Tilsette nokon i ei sommarjobb-stilling?

Har du ei ledig stilling i sommar og har lyst å tilby den til den rette personen? Legg stillinga ut på arbeidsplassen.nav.no og legg til #sommarjobb #sommarjobbivest #sommerjobbivest på slutten av stillingsteksten.

Kontakt oss

Per Odd Grevsnes 

Tlf: 416 37 034

Kven står bak?

Dette prosjektet er ei vidareføring av sommarjobb i Nordfjord – sommarjobb.no som er eit prosjekt i regi av Nordfjordkompaniet, støtta av Vestland fylkeskommune. Mykje av det arbeidet som Nordfjordkompaniet har gjort, er vidareført og kopiert over til denne nettsida.

Denne kampanjen er eit samarbeid mellom Vestland fylkeskommune, NHO og NAV. Fana Sparebank, Sparebanken Vest og Sparebanken 1 Sogn og Fjordane er med og støttar kampanjen. Saman kan vi skape eit sterkare og meir inkluderande Vestland!