Bli ein iskrigar i sommar
Få din første sommarjobb hos LICC 🍦
Er du mellom 14-18 år og på jakt etter din første sommarjobb? Då har du sjansen no.
Hos LICC får du jobbe med is, møte nye vener og lære korleis arbeidslivet fungerer – samtidig som du tener dine eigne pengar. Høyrest det freistande ut?
Jobb med is i Voss eller Førde
LICC (Large Ice Cream Company) treng unge, engasjerte medarbeidarar til å bemanne sine isvogner i sommar. Ifølge Hedda Høiness i LICC fyller jobbane seg fort opp i dei større byane, men det er framleis mogleg å søke i Voss og Førde.
– Å velje mellom all den flotte ungdomen som søker er ikkje lett, fortel Hedda. – Derfor brukar vi førstemann til mølla-prinsippet når vi går gjennom søknadane. Så det løner seg å søke tidleg.
Det einaste kravet er at du er mellom 14-18 år og har lyst til å jobbe. Arbeidserfaring er ikkje nødvendig, dette er ein lågterskel sjanse for deg som vil ha din aller første jobb.

Søk og få jobb – med video!
LICC droppar tradisjonelle jobbintervju og nyttar video-søknadar i staden. Kvifor? Fordi det viktigaste er kven du er, ikkje kva du har gjort før.
– Videoen gir oss eit inntrykk av korleis du er som person. Vi ser på haldning, innstilling og kor godt du har førebudd deg. Det viser oss at du tek jobben seriøst, seier Hedda.
Tips: Ta deg god tid til å planlege kva du vil seie, øv litt på førehand, og vis at du er engasjert og klar for utfordringa!
Kvakan du forvente deg?
Som iskrigar blir arbeidsdagane varierte. På kvar vogn jobbar det seks tilsette – éin som avdelingsleiar med ekstra ansvar, og resten som iskrigarar.
– Nokre dagar er det kø heile tida, medan andre dagar er rolegare. Du får erfaring med sal og kundebehandling, men også med rydding, vasking og fysisk arbeid.
Avdelingsleiarane har i tillegg ansvar for bestilling av is og materiell, oppdatering av vaktlister og kontakt med hovudkontoret.
– Dette er ei ekte arbeidserfaring, akkurat som i arbeidslivet. Ikkje alle dagar er like kjekke, men dei fleste synest det er veldig kjekt og lærerikt, seier Hedda.

Mobilen? Den må du leggje vekk
Vaktene varer i 4,5 timar, og medan du jobbar, blir mobiltelefonen låst inne i ein boks.
– Vi gjer dette for at du skal vere til stades og fokusere på jobben. Når du ikkje har mobilen, får du tid til å rydde, snakke med folk og utvikle deg på fleire måtar, forklarer Hedda.
Men ingen grunn til panikk – om du må ringe nokon, har vognene fasttelefon.
– Og vi har radio!
Søk sommarjobb!
Målet til LICC er å gi fleire unge moglegheita til jobberfaring. Hedda håpar mange vil sende inn søknad.
– Alle ungdomar som vil ha ein jobb, bør søke. Ikkje berre hos oss, men overalt der ute!
Siste tips:
- Søk tidleg: Dei som er tidleg ute har størst sjanse.
- Førebu videoen: Planlegg kva du vil seie, og vis at du er engasjert.
- Ver deg sjølv: LICC vil sjå den verkelege deg!
- Grip sjansen: Dette er ein unik sjanse til å få erfaring og lære om arbeidslivet på ein lavterskel måte.
Kven veit, kanskje blir denne sommaren både isande god og full av nye opplevingar?

Fleire sommarjobbar i Vestland
Om dette ikkje er draumejobben din, finn du fleire sommarjobbar her: