Tilsette med støtte frå NAV

For å få fleire i jobb tilbyr Nav økonomisk støtte og rådgjeving til arbeidsgivarar, som lønnstilskot, mentortilskot, inkluderingstilskot, hjelpemiddel og liknande. Her er nokre av dei økonomiske tilskota og støtteordningane.

Tilskot til sommarjobb 

Tilskotet dekkjer delar av løna til unge, arbeidsledige (16 til 29 år) som har vanskar med å skaffe seg sommarjobb. Tilskotet dekkjer 50 prosent av løna til deltakaren i inntil fire veker. For personar med nedsett arbeidsevne dekkjer Nav 75 prosent av løna. Les meir om sommarjobbtilskotet her.

Midlertidig lønnstilskot 

Tilskotet dekkjer delar av løna til arbeidssøkjarar med behov for tilrettelegging. Arbeidsgivar ansetter kandidaten i ei vanleg heil- eller deltidsstilling med ordinær løn, men får eit tilskot til løna utbetalt av Nav. Les meir om midlertidig lønnstilskot her.

Mentortilskot 

Tilskotet er ei støtte for å frikjøpe ein tilsett for å bruke tid på å gi praktisk hjelp, rettleiing og opplæring når ein arbeidssøkjar har behov for oppfølging på arbeidsplassen. Les meir om mentortilskot her.

Inkluderingstilskot 

Tilskotet er ei ordning der arbeidsgivar kan få dekt utgifter til tilrettelegging for personar på tiltak på arbeidsplassen. Tilskotet kan gis i kombinasjon med andre ordningar, som arbeidstrening eller lønnstilskot. 

Les meir om inkluderingstilskudd her.
Les om fleire av Navs tenester til arbeidsgivarar her.

Treng bedrifta di nye tilsette? 

Nav kan hjelpe deg å finne den rette kompetansen. 
Ta kontakt med ein av Navs markedskontaktar i Vestland.

Tre bedrifter frå ulike bransjar fortel kvifor dei samarbeider med Nav om inkludering og rekruttering: