For arbeidsgivar

Vil du ha med din sommarjobb på sommarjobbivest.no?

Det er superenkelt! Berre legg ut sommarjobben på arbeidsplassen.nav.no med eit par hashtags. 

Alt du treng å gjere er følgande:

  1. Legg ut sommarjobben på arbeidsplassen.nav.no
  2. Heilt nederst i stillingsteksten legg du til #Sommarjobb #Sommarjobbivest #Sommerjobbivest
    Då vil sommarjobbivest.no plukke opp din sommarjobb og ta den med i kampanjen
  3. Etter eit par timar vil sommarjobben du har lagt ut dukke opp her:

Lokale jobbmoglegheiter skapar stoltheit, og ei kjekk arbeidserfaring vil knyte ungdom til Vestlandet og bidra til ei positiv utvikling.

Rekruter arbeidskraft gjennom sommarjobbstillingar

Nyttige tips til deg som arbeidsgivar

Å tilby arbeidskontrakt og følgje gjeldande lover og reglar er avgjerande for å sikre ryddige arbeidsforhold og eit godt samarbeid mellom arbeidsgivar og arbeidstakar. Dette byggjer tillit og skapar eit trygt miljø der både faste tilsette og sommervikarar kan trivast og yte sitt beste. Å ta imot sommervikarar på ein god måte, med opplæring og støtte, bidreg til at dei føler seg verdsett og motiverte, noko som kan styrke både arbeidsmiljøet og bedriftens omdømme.

Tydelig og attraktiv stillingsannonse

Sørg for at stillingsannonsa er tydeleg på kva arbeidsoppgåver som inngår, kva kvalifikasjonar som krevjast, og kva søkjar kan forvente. Bruk eit positivt språk som gjer jobben attraktiv, og framhev moglegheiter for personleg utvikling og erfaring. Det kan òg vere lurt å inkludere informasjon om moglegheiter for vidare arbeid etter sommaren, om aktuelt.

God opplæring og oppfølging

Mange sommarjobbsøkjarar har lite eller ingen arbeidserfaring. Planlegg ei grundig opplæring og legg til rette for ein trygg og støttande arbeidskvardag. Dette vil ikkje berre bidra til at arbeidet blir utført godt, men også gi ungdom ein positiv oppleving av arbeidsplassen, noko som kan gjere dei meir tilbøyelege til å søkje stillingar der igjen i framtida.

Fleksibilitet og tilrettelegging

For å tiltrekke seg fleire søkjarar kan det vere nyttig å vise fleksibilitet, både når det gjeld arbeidstid og arbeidsoppgåver. Ungdom som kanskje har andre forpliktingar, som eksamen eller familieferiar, vil sette pris på ein arbeidsplass som kan tilpasse seg behova deira. Tilrettelegging for sosialt fellesskap og trivsel på arbeidsplassen kan òg bidra til å styrke interessa for jobben.

Sterkare tilhøyrsel gjennom sommarjobb

Ved å gi ungdom ein sjanse til å skaffe seg arbeidserfaring i eigen region, opnar du døra til dei mange spennande jobbmoglegheitene som Vestland har å by på. Gjennom ein sommarjobb kan ungdom få ein sterkare tilknyting til heimstaden sin, samtidig som arbeidsgivarar får sjansen til å bli kjent med morgondagens arbeidskraft. Dette bidreg til å gjere Vestland endå meir attraktiv som ein plass å leve og arbeide.

Sommarjobbar i Vestland kan også inspirere ungdom til å velje utdanningar som regionen treng, og motivere fleire til å gå inn i yrke som støttar lokal vekst og utvikling. For å sikre framtidig arbeidskraft må vi investere i rekruttering med blikket retta mot langsiktig verdiskaping.